Skulestruktur i Haram - frå medlemsmøte 27.april 2017

Haram kommune har sett ned ein ad hoc komite til å sjå på skulestrukturen i Haram og kome med ei innstilling om ny struktur. Haram Ap har hatt medlemsmøte om dette, og her er eit utdrag frå det som vi var einige om.

Haram Arbeiderparti ønsker 1-10-skule på Eidet og på HaramsøyHaram Arbeiderparti ønsker 1-10-skule på Vatneeidet. Det vart beslutta under eit godt besøkt medlemsmøte torsdag 27.april. Prosessen med å sjå på skulestrukturen i kommunen er i gang og folk let seg engasjere. 

«Verda utviklar seg og avstandane vert kortare» forklarar lokallagsleiar Siv Karin Ulla.  «Tidlegare var det langt mellom Tennfjord og Vatne, no har bygdene grodd saman og det er på tide å samle skuleelvene på ein skole for å utnytte fordelane med ein middels stor skule ift tre mindre skular. Tilsvarande vil skje mellom øyane no som Nordøyvegen snart er ein realitet». Skulane Haram Arbeiderparti ønsker å slå saman på fastlandet er Tennfjord og Vatne barneskuler og Vatne ungdomsskule. «Ein samla skule vil gjere at fagmiljøa vert større og vi får utnytta styrkene til kvar enkelt lærar betre. Vi ønsker ikkje å spare i lærarstillingar, men i administrasjon. Det er nær galskap å bruke ressursar på tre administrasjonar, når dei same skulane må kutte i leksehjelpa for å få endane til å møtast.» Ulla ønsker å komme i gang med byggingen av ny skole på Eidet så snart som mogeleg, og om mogeleg allereie neste år. «Som vi veit er plassmangelen prekær på Tennfjord skule. Der reddar ein seg på at det er eit forhaldsvis lite trinn som byrjar i 1.klasse neste år slik at det berre vert ei klasse, men neste år og åra framover vert det to-parallell og da bør ein ny skule vere på plass.»Korleis skulen skal sjå ut har ikkje Arbeiderpartiet diskutert. «Nei, det overlet vi til ekspertane. Med rett i underkant av 3000 skoler i Norge er reknar vi med at vi ikkje trenger å finne opp kruttet på nytt, men kan sjå på vellukka prosjekt andre stader i landet. Her blir det viktig å ta med lærerane på råd slik at dei som er ute i den daglege drifta av skulane får det slik dei meiner gir det beste læringsmiljøet.»Arbeiderpartiets kommunestyrerepresentant fra Lepsøya, Trine Otterlei, meiner det berre er eit tidsspørsmål før skulen på Lepsøya blir lagt ned. «Det blir helt naturlig å slå saman skulane på Lepsøya, Haramsøy og Flem samt å få Fjørtoft-elevane tilbake fra Sandøy når Nordøyvegen er klar. Spørsmålet er når skulane slåast ilag. Min nærskule på Lepsøya begynner nå å bli så liten at ungdommene selv uttrykker at de ønsker å gå på Haramsøy, så her må vi gå i dialog med elevene, foreldrene og skolen om hvordan vi løser dette. Slik reiseruten er i dag er det ikke aktuelt å sende 5-åringene med ferjen alene. Barneskoleelevene og de som ønsker SFO, må ha transport fra hjemmet sitt til Haramsøy skole. »Otterlei er klar på at 1-10-skole på Haramsøy må det være. «Ja, heilt klart. Det er viktig for lokalsamfunnet, og ikkje minst for at det blir veldig langt frå øyane til Brattvåg når fergene forsvinn. Vegen til Brattvåg blir jo faktisk lengre for enkelte enn det er i dag når Nordøyvegen ligger klar. Hildre, Søvika og Grytastranda er meir naturleg for dei foreldra som reiser mot Ålesund på jobb. Så om nokon skulle tenke tanken at skulane på øyane skal leggast ned, så er nok Hildre, Søvika og Grytastranda eit naturleg val. »

Siv Katrin Ulla og Trine Otterlei frå Haram Ap